onsdag 5. september 2012

Vimpelrekkje til Martin

Martin og eg hadde ein koseleg dag heime i sist veke. 
 
Me valde stoff saman.

Det meste er restar, eit par stoff er nye.

Martin svinsa rundt og leika seg medan eg sydde. 

Martin insisterte på å ha gensaren bak fram, men faktisk matchar fargen på gensaren vimpelrekkja.

1, 2, 3, ...16 vimplar.

Det rutete stoffet er av eit utsliten skjorte.


Vimpelrekkje med friske fargar til ein frisk gut!
 
Det høyrer med til historia at vimpelrekkja ikkje fekk hengja i fred.  Då borna byrja å bruka henne til å binda fangar med, redda eg henne og gøymde henne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar